Villa Kids

Har du sett den nye barnebutikken som har opna i Knarvik Senter?

Glad jente med nisselue
Villa Kids vil ha klede frå danske Name It.

Villa Kids finn du i dei tidlegare lokala til Farmors hus og butikksjef Ingeborg Sletten Borge satsar på klassiske og flotte klede frå baby- og opptil størrelse 14 år.

Borge driv også butikken Wagner & Savoy, og har lenge tenkt på å starte med barneklede. No var tida inne, med riktig lokale, optimisme på senteret – og «butikkbabyen» var plutseleg klar:

- Det har vore eit sakn etter større utval av barneklede i senteret, så når eg først hadde bestemt meg var det berre å hive seg rundt for å opne før jul.

Hovudleverandøren er danske Name it, og etter kvart vil det dukke opp fleire spanande barnemerker.

- Name it er eit kjend barnemerke, med god kvalitet, greie prisar og mykje fint til både baby og større born.