Knarvik Senter blir AMFI Knarvik

Eigarane av Knarvik Senter skal bruke ein betydeleg sum på oppgradering av Knarvik Senter før senteret skal profilerast om til AMFI Knarvik i løpet av hausten

Fasade Knarvik Senter
Knarvik Senter

Eigarane av Knarvik Senter har nyleg bestemt å bruke ein betydeleg sum på å pusse opp Knarvik Senter i samband med omprofileringa til AMFI Knarvik. Det arbeidast no med å finne leverandørar til oppussinga. Arbeida skal starte i sommar og vil vere ferdige utpå hausten.

Det vil bli ein meir heilheitleg profil og ei synleg oppgradering på heile senteret. Fasaden vil få ei ansiktsløfting, og ny utvendig og innvendig skilting vil gjere det enklare for kundane å finne fram i senteret. I tillegg vil fellesområda inne i senteret få ei synleg og tidsriktig oppgradering.

Når arbeidet er gjennomført skal senteret offisielt bli AMFI Knarvik – Amfi-senter nummer 50 i landet! Den endelege datoen for omprofilering er snart klar.

- Vi er glade for samarbeidet vi har fått til med Olav Thon Gruppen, og ser fram til at senteret blir eit Amfi-senter. Vi investerer no i ein felles oppgradering for heile senteret fram mot omprofilering til Amfi i haust. Amfi vil gje kundane våre gode opplevingar framover. Det vil skape ein god butikkmiks, som vil komme alle leigetakarane til gode. Med Amfi på laget er framtida positiv for Knarvik Senter, seier Geir Vatnøy på vegne av eigarane i Knarvik Senter.

Drift og utleige

I september 2021 blei Knarvik Senter ein del av Olav Thon Gruppen si kjøpesenterportefølje, og inngjekk ein forvaltningsavtale med Olav Thon Gruppen. Som ein del av avtalen blei Solveig Oksholm Hunhammer eigedomssjef, med ansvar for utleige av alle lokala i senteret.

- Leigetakarane er glade for ei etterlengta oppussing, og vi merkar også stor interesse frå nye aktørar som ønskjer å etablere seg på senteret. Vi har stor tru på at vi skal få inn butikkar og serveringsstader som gjer oss til eit endå meir attraktivt senter i framtida, seier Hunhammer.

Ho fortel om ei positiv utvikling i Knarvik Senter for tida. Så langt i år har senteret ei auke i omsetnad på 6,5 %.

- Senteret er ein viktig møteplass for handel og kultur i regionen, og mange vel å handle lokalt.

Strategiske investeringar

- Det er svært gledeleg å sjå at eigarane av Knarvik Senter både har vilje og evne til å foreta strategiske investeringar i kjøpesenteret. Vi trur dette er eit svært viktig strategisk grep for å sikre at Knarvik Senter skal bli den valde handelsdestinasjon for alle som bur i regionen, seier Ove Skrøvseth, Direktør forvaltningsoppdrag i Olav Thon Gruppen.

- Vi trur også oppgraderinga av Knarvik Senter vil vere med på å utvikle Knarvik som regionsenter til glede for alle som bur i regionen.


Om Knarvik Senter

Knarvik Senter opna for første gong i 1978 og har sidan den gong blitt utvida og ombygd fleire gongar. I 2021 hadde senteret om lag 50 butikkar og ei butikkomsetning på nær 700 millionar. Kjøpesenteret er eigd av fleire lokale eigedomsselskap. Senteret er regionsenter i Nordhordland og ein viktig møtestad for handel og kultur i regionen.

Om Olav Thon Gruppen

Olav Thon Gruppen er Norges største kjøpesenteraktør. Konsernet eig og forvaltar 84 kjøpesenter i Norge og 10 i Sverige. I 2021 var den totale butikkomsetninga på Olav Thon Gruppen sine norske kjøpesenter over 72 milliardar kroner