Vinn båt - sommartrekning i Kundeklubben

Vinn båt - trekning for kundeklubbmedlemmar
Båt på sjøen med voksen og to barn ombord

Bli med på årets store sommartrekning for kundeklubbmedlemmar, og vinn fritidsbåt med motor og utstyrspakke til ein verdi av kr 176 060,-

Knarvik Senter gir bort ein flott fritidsbåt til ein heldig vinnar!

Klar for sjøsprøyt og bølgeskvulp? Årets sommarbåt ligg no «til kai» i Knarvik Senter. For 13 året på rad kan alle som er medlem i Knarvik Senter sin Kundeklubb bli med i den store sommartrekninga.

Konkurransen varer heile sommaren frå 15. juni - 31. august.

I samarbeid med E39 Båt & Henger gir Knarvik Senter bort ein splitter ny fritidsbåt til ein heldig vinnar. Besøk Knarvik Senter i sommar og bli med i trekninga av den flotte båten som er utstilt på Sentrumstorget i heile sommar.

Båten du kan vinne i år er ein HR 460 Fish med Suzuki 40 Hk.

Båten med motor og utstyr har ein totalverdi på kr 176 060,-

HR 460 Fishing har eit lettkøyrd, stabilt skrog og enkle robuste løysingar. Båten er utstyrt med vindskjerm, rustfri boge rundt vindskjermen, badestige, non-feedback styring, luke i baugen for enkel plassering av utstyr og ein kjekk igloobox du lett kan ta med deg.

Inkludert i premien er:

  • Motormontering
  • Priming og bunnsmøring
  • Konsolltrekk
  • Putesett
  • Echomap (TM) og kartplottar
  • Montering av kartplottar eller ekkolodd i båt
  • m.m.

Slik kan du bli med i sommartrekninga

For å delta i trekninga må ein vere over 15 år og medlem i Knarvik Senter sin Kundeklubb.

Legg handleturen innom fire ulike butikkar i Knarvik Senter mellom 15. juni - 31. august.

Få stempel eller signatur på konkurransekupongen og legg den ferdig utfylte kupongen i postkassa ved båten. Hugs å få stempel/signatur på alle fire felta på kupongen, og skriv tydeleg kontaktinformasjon.

Ferdig utfylt kupong gir deg ein vinnarsjanse i trekninga av den flotte båten. Du kan delta så mange gongar du vil. Konkurransereglar og kupong finn du i butikkane i Knarvik Senter.

Ikkje medlem i Kundeklubben?

Send KNARVIK til 2242, last ned Knarvik Senter-appen, eller gå inn på www.knarviksenter.no for å melde deg inn!

Båt på sjøen med voksen og to barn ombord