Oppussinga er i gang

Illustrasjonen gjev eit inntrykk av korleis Knarvik Senter vil sjå ut etter oppussinga. Illustrasjon: Monn Interior Architects
Illustrasjon: Monn Interior Architects
Illustrasjon: Monn Interior Architects
Oppussing i Knarvik Senter
Målearbeida er i gong, og her er ein liten smakebit på korleis senteret vil sjå ut etter oppussinga.

Oppussinga av fasaden og fellesareala i Knarvik Senter er i gang. Senteret skal framstå i ny drakt til opninga av AMFI Knarvik i oktober.

- Vi er glade for at vi endeleg er i gong med ei etterlengta oppussing av senteret. Vi skal gjennom nokre månader med måling og byggjearbeid, og våre kundar kan gle seg til å sjå det endelege resultatet, seier senterleiar Åge Torsvik.

Senteret og alle butikkane skal vere opne heile tida under oppussinga, men kundane må førebu seg på å vere litt fleksible i tida framover.

- Vi skal leggje til rette for at oppussinga skal gå føre seg så knirkefritt som mogleg, men i periodar kan det vere målearbeid eller anna arbeid som gjer at enkelte inngangar er midlertidig stengd, eller ein må gå ein litt annan veg for å kome seg inn i ein butikk. Men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.

Heilheit og nytt namn

Det vil bli ein meir heilheitleg profil og ei synleg oppgradering på heile senteret. Fasaden vil få ei ansiktsløfting, med måling av flater og ny skilting. Ny innvendig skilting vil gjere det enklare for kundane å finne fram inne senteret. I tillegg vil fellesområda inne på senteret få ei synleg og tidsriktig oppgradering, og det blir tilrettelagt for koselege sittesonar, ladeplassar og sosiale møtepunkt.

Senteret skal framleis vere «Møteplassen for handel og kultur», slik slagordet til senteret har vore dei siste åra. Slagordet for dei 49 Amfisentra i landet er «Mykje å glede seg til. Alltid». Det skal det vere i AMFI Knarvik når oppussinga er ferdig og senteret blir Amfisenter nummer 50 i Noreg.

- Kundane kan verkeleg gle seg til å besøkje AMFI Knarvik når senteret skal framstå med nytt namn, ny profil og ny drakt i oktober.

Drift og utleige

I oktober 2021 blei Knarvik Senter ein del av Olav Thon Gruppen si kjøpesenterportefølje, og inngjekk ein forvaltningsavtale med OTG. Som ein del av avtalen blei Solveig Oksholm Hunhammer eigedomssjef, med ansvar for utleige av alle lokala i senteret. Eigarane av Knarvik Senter bestemte tidlegare i år å bruke ein betydeleg sum på å pusse opp senteret i samband med omprofileringa til AMFI Knarvik.

- Både butikkane og kundane er glade for denne endringa, og vi merkar også stor interesse frå nye aktørar som ønskjer å etablere seg på senteret. Vi er svært glade for nyetableringane iSushi, Roxy Diner og Green Garden Café. Med tre nye spisestader på veg inn har vi allereie no på plass fleire tilbod i senteret. Vi har stor tru på at vi skal få fylt opp alle lokala i senteret og verte eit endå meir attraktivt senter i framtida.

Illustrasjon: Monn Interior Architects
Illustrasjon: Monn Interior Architects
Oppussing i Knarvik Senter
Målearbeida er i gong, og her er ein liten smakebit på korleis senteret vil sjå ut etter oppussinga.