Båtdraumen

Bilde av mann foran båt i Knarvik Senter. Vinnaren av båttrekninga.
Osvald Hindenes er vinnaren av båten i Knarvik Senter sin sommartrekning 2022.
Bilde av mann foran båt i Knarvik Senter. Vinnaren av båttrekninga 2022.
- Vi har vore med i sommartrekninga i mange år, det er blitt ein fast sommaraktivitet for familien vår, fortel han.

Når eg vann denne båten, så er det litt far sin båt, fortel Osvald Hindenes, den glade vinnaren av båten i sommartrekninga i Knarvik Senter.

- Far min hadde ein draum om å vinne ein båt, og reiste inn til Bergen og deltok i mange ulike båtlotteri. Han levde heile sitt liv i håp om at han ein gong skulle vinne den båten, men det gjorde han ikkje. Kvar gong eg putta eit lodd i postkassa i Knarvik Senter tenkte eg at dette er for far, fortel den glade vinnaren.

Han hadde aldri trudd at han skulle vinne båten, men smilet var stort då ha fekk telefon frå senterleiar Åge Torsvik.

- Når eg vann denne båten, så er det litt far sin båt, fortel han.

Osvald har vakse opp på Hindenes der han no har hytte. No vert det familiebåt til glede for heile storfamilien på hytta.

- Vi har vore med i sommartrekninga i mange år, det er blitt ein fast sommaraktivitet for familien vår, fortel han.

Sommarbåten

Vinnaren får med seg ein lekker fritidsbåt med utstyr til ein verdi av heile 170 060,-

Båten er gitt av Knarvik Senter i samarbeid med E39 Båt & hengar, og er ein konkurranse for medlemmar i Knarvik Senter sin kundeklubb.

Takk til alle som har handla og samla stempel og underskrifter i heile sommar!

Bilde av mann foran båt i Knarvik Senter. Vinnaren av båttrekninga 2022.
- Vi har vore med i sommartrekninga i mange år, det er blitt ein fast sommaraktivitet for familien vår, fortel han.