Solveig sin jul

Dame som smiler i julepyntet butikk
Denne blide dama kjem du til å sjå i Knarvik Senter framover. Solveig Oksholm Hunhammer er ny eigedomssjef og har overteke ansvar for utleige og drift i senteret.

Den nye eigedomssjefen i Knarvik Senter vil heller det skal skine i barneauge enn i reine vindauge til jul.

1. oktober tok Solveig Oksholm Hunhammer over ansvaret for drift og utleige av lokale i Knarvik Senter. Med lang erfaring frå Olav Thon Gruppen, både som senterleiar på Amfi Os og eigedomssjef for andre senter, er Hunhammer trygg og klar for rolla. No gler ho seg til å vere med på utviklinga av senteret og prosessen med å bli eit Amfisenter.

- Knarvik Senter har eit enormt potensiale, og vi skal byggje vidare på den lokale identiteten og det gode som er her. Det er ein spanande miks av kjeder og lokale butikkar her, og vi skal sikre og utvikle gode og trygge arbeidsplassar og sørge for at kundane finn det dei treng her på senteret. Samtidig er det godt å ha eit større nettverk og kome inn i «Thon-familien», seier ho.

Ansiktsløft

Før senteret blir eit Amfisenter har Solveig planar om det ho kallar «eit lite ansiktsløft i fellesareala».

- Ein skal kjenne att senteret, men vi skal utvikle oss, følgje med i tida og «freshe» opp litt. Små detaljar kan gjere mykje, og det treng ikkje vere så dyrt, seier ho.

Hunhammer er oppteken av at folk skal trivast, og det gjeld både tilsette og kundar.

Små julegleder

Mange brukar senteret for å få julestemning, og synes det er koseleg å få med seg julehandelen og alt som skjer før jul. Sjølv er Hunhammer eit julemenneske.

- Det aller kjekkaste er adventstida, eg likar kosen med å kjøpe julegåver, tenne adventslys og gler meg over småting som er litt annleis enn i kvardagen, fortel ho.

Til jul kjem barn og barnebarn heim til familiehuset på Os, og Hunhammer likar å vere saman med dei næraste, puste litt ekstra, gå med julepysj, lese bok og ha beina på bordet. På menyen står klassikarane pinnekjøt og moltekrem.

Med karriere frå kjøpesenter har ho ofte jobba på julaftan, men står fast ved at jula treng ikkje vere stress.

- Ein vel sjølv kor mykje ein skal gjere, og det er opp til einkvar å skape si eiga jul.