Spreke butikknyheiter

Sport Outlet opnar ny, stor butikk i oktober.
Sport Norge er no blitt ein Sport 1 butikk.

I haust skjer det mykje spennande i senteret. Vi er godt i gong med oppussinga til opninga av AMFI Knarvik i oktober. I tillegg opnar fleire nye butikkar.

  • Først ute er Green Garden Café som opnar 1. september.
  • Zmeglaren har nyleg opna i sine lokale over Meny.

SPORTY NYHEITER

Vi har to gladnyheiter for sportsinteresserte. Sport Norge er no ein Sport 1 butikk, og skal byggjast om i haust. I tillegg opnar Sport Outlet stor, ny butikk i 2. etasje over Norli og Normal. Vi gler oss!

SPORT 1

Bjørn Blomvågnes har drive sportsbutikk i 35 år i Knarvik Senter. Endeleg kan han dele gladnyheita om at butikken frå og med i dag er ein Sport 1 butikk.

- Kundane kan gle seg til ein flott, topp moderne sportsbutikk med breitt vareutval, marknadsleiande merkevarer og solid fagkompetanse. Vi skal framleis ha ein god lokal tilpassing og vere solid forankra i lokale aktivitetar, seier Blomvågnes.

Butikken skal byggjast om og vere ferdig i løpet av oktober, men held ope for kundane under ombygginga.

SPORT OUTLET

Den nye Sport Outlet butikken opnar i løpet av oktober, og vil liggje i andre etasje i lokala over Norli og Normal.

- Vi gler oss til å kome tilbake til Knarvik Senter. Vi har jo ei historie på senteret, og håpar på ei like hyggeleg oppleving som sist vi var her. No kjem vi tilbake med ein mykje større butikk, og vil tilby fantastiske produkt til hyggelege prisar. Vi ønskjer alle hjarteleg velkomen opp til oss om kort tid, seier kjedeleiar i Sport Outlet, Sondre Versto.

Sport Norge er no blitt ein Sport 1 butikk.