Min Butikk i større lokale

Tre damer smiler i butikk

Min Butikk har flytta inn i Mocca sine tidlegare lokale på Vestretorget, og tek også over den delen der Småkul var.

- Den nye butikken er stor og romsleg, og vi får mykje meir plass til å vise fram det gode vareutvalet vårt, seier dagleg leiar Marianne Taule.

Butikken vil mellom anna få ei eiga bukseavdeling og ein heilt ny undertøysavdeling med lekkert undertøy og godt utval frå Triumph.

- Vi kjem også til å ta inn fleire nye, spanande klesmerke, så det er berre til å følgje med og stikke innom butikken i tida framover.