Møteplass - Krafttak mot kreft

Møt Kreftkoordinator i Alver kommune i Knarvik Senter torsdag 10. mars og fredag 11. mars kl. 12-15.

Vi inviterer til ein uformell møteplass for deg som er ramma av kreft og pårørande.

På Sentrumstorget

  • Torsdag 10. mars kl. 12-15
  • Fredag 11. mars kl. 12-15

Her kan ein samlast over ein kaffikopp, få informasjon og råd frå kreftkoordinator – eller berre samlast for samtalar.

Møteplassen er ein del av aksjonsveka Krafftak mot Kreft 2022, og er eit samarbeid mellom Knarvik Senter og Kreftkoordinator i Alver, Anne Britt Hauge.

Kreftkoordinator i Alver

Har du eller ein av dine næraste fått ein kreftdiagnose? Då kan det vere godt å få hjelp til informasjon, råd og rettleiing om diagnose, behandling, rehabilitering og lindring.

Les meir om tilbodet her.

Når
10. mars til 11. mars
Hvor
kaffekopp med hjerte og pedals
;