Auksjon - Krafttak mot Kreft

Knarvik Senter støttar Krafttak mot kreft, og pengane frå årets innsamling og gåveauksjon går til forsking på kreft med spreiing.

Når
12. mars kl. 12.00–14.00
Hvor

Vi gler oss til å vere med på ein lokal dugnad i samarbeid med butikkane i senteret og Nordhordland Næringslag. Målet er å samle inn 250 000,- til aksjonen.

GÅVEAUKSJON

Gje din støtte til auksjonen ved å delta i vår gåveauksjon!

By på verkeleg flotte gåver donert av butikkane i Knarvik Senter. Varene blir lagt ut fortløpande i auksjonen frå 10. mars.

Auksjonen starter digitalt på Facebook torsdag 10. mars, og avsluttast med auksjonsfinale i Knarvik Senter laurdag 12. mars.

Hugs å klikke "skal" på Facebook-arrangementet for å få med deg auksjonen.

Alle inntektene går til Krafttak mot Kreft.


Slik byr du:

Gå inn på «diskusjon» på Facebook-arrangementet. Legg inn bod som kommentar under kvart auksjonsprodukt.

Under auksjonsfinalen er utropspris det høgaste bodet frå Facebook. Vi vil ta imot bod frå salen og frå Facebook under auksjonsfinalen, alle bod blir registrert i diskusjonen under bodrunden.

Når teksten med "bodrunden er avslutta" blir lagt ut i diskusjonen er bodrunden over. Høgaste bod vinn!

Takk for at du støttar Krafttak mot kreft! 💚

Krafttak mot kreft

er Kreftforeningen sin årlege stordugnad i kampen mot kreft. I 2022 samlar vi inn penger til forskning på kreft med spredning. Over 300 000 mennesker har eller har hatt kreft i Norge i dag. 3 av 4 overlever, men mange kreftdiagnoser har ingen effektiv standardbehandling når kreften har spredd seg. Håpet ligger i forskningens små og store fremskritt.

Gje din støtte!

Slik kan du støtte aksjonen:

Kvinne som samler inn penger til Krafttak mot Kreft